Foto-workshop på Halsnøy Kloster med fotograf Øyvind Hjelmen
WORKSHOP PÅ HALSNØY KLOSTER MED ØYVIND HJELMEN
mai 5, 2011
av Helen Petersen
.
WORKSHOP PÅ HALSNØY KLOSTER MED
ØYVIND HJELMEN
10. – 14. august 2011
Digitalt, eller svart/kvit filmbasert.
Maksimum 10 deltakarar, min.7.
Sunnhordland Museum inviterer til fotografisk workshop med Øyvind Hjelmen på Halsnøy Kloster 10. – 14. August 2010.
ØYVIND HJELMEN har arbeidd med fotografi i 20 år, han har hatt utstillingar i 12 land og arbeida hans er kjøpt inn til samlingar både i Noreg og i utlandet. Forutan å undervise ved eigne workshops er han føredrags- og workshophaldar ved Bilder Nordic School of Photography i Oslo, og han held workshops for bedrifter. Han har og vore gjesteførelesar ved American Intercontinental University i London.
Øyvind Hjelmen har gjeve ut tre bøker; Sentimental med Sunnhordlandsforfattarane (Eide Forlag, 2005), Ri Vinden med Per Jan Ingebrigtsen (Bokforlaget Publica, 2009) og Elsewhere (Kehrer Verlag, 2010).
HALSNØY KLOSTER vart grunnlagt som Augustinerkloster i 1163, og mellom klosterruinane vart det i 1841 oppført eit hus som i dag er hovudhuset på klostertunet. Halsnøy Kloster er ein del av Sunnhordland Museum, og ligg i praktfulle omgjevnader ved innløpet til Hardangerfjorden.
Klosteret har i dei seinare åra vore eit senter for kunst og kultur, med konsertar, utstillingar og andre typar tilskipingar.
Klosteret er også i ferd med å opparbeide seg ein posisjon når det gjeld formidling av fotografi, med tilbod av både internasjonale kunstneropphald og workshops. Vi har eit nært samarbeid med Sunnhordland Folkehøgskule som tilbyr studier i teater, musikk, dans, biletkunst, lyd og speldesign. Skulen ligg berre 5 minuttars gonge frå klosteret. Under workshopen vil det vera mogeleg å nytta mørkerommet ved skulen for dei som ynskjer å jobbe på svart/kvit film.
WORKSHOPEN vil fokusere på den einskilde sin veg mot eit eige personleg fotografi, anten ein leitar etter eit slikt uttrykk, eller ein ynskjer å reindyrke det ein har.
Det vert føredrag, utfordringar, og 3 ½ interessante og spanande døger. Vi vonar å få til at alle bur i hovudhuset, og at vi samlast til alle måltid. Slik trur vi at ein intim atmosfære for workshopen bidreg til gjensidig kreativ inspirasjon hos alle.
PRIS: Workshopen koster kr. 4500,- og det inkluderer alle måltid og overnatting! Det einaste du treng å tenkje på utanom, er reisa di.
Dersom du ynskjer å arbeida på film, er nytta av mørkerom og all kjemi inkludert i prisen, men du må sjølv syte for å ha med film og papir til eige forbruk.
REISE: Halsnøy er lett tilgjengeleg med bil, eller om ein kjem med fly til Haugesund, Stord eller Bergen. Det går båt frå Bergen, og frå Haugesund eller Stord reknar vi med å kunne organisere transport frå flyplassane til klosteret dersom det er naudsynt.
Overnatting vert som nemnt i hovudhuset, som var Juel-familiens heim i ca 100 år. Huset er eit museum, men der er 4 to-manns rom og 2 enkeltrom med brukbar komfort. Ein lyt dela bad. Om naudsynt, eller om nokon har ynskje om det, har vi også tilgjenge til rom ved folkehøgskolen.All undervisning og alle måltid vert i stovene i huset.
Vi ynskjer velkomne til ei intim og interessant langhelg i svært spesielle omgjevnader.
For meir informasjon og påmelding, kontakt hkl@sunnhordland.museum.no
eller ring Helén Petersen på 481 30 020.
Sjå og www.halsnoykloster.wordpress.com
Du kan og ta kontakt med Øyvind Hjelmen på oh@oyvindhjelmen.com
Se også: http://foto.no/cgi-bin/articles/articleView.cgi?articleId=43805
http://foto.no/cgi-bin/articles/articleView.cgi?articleId=43752






Kommentarer
Hjemmeside til fotografen: www.oh@oyvindhjelmen.com